Noriaki-haiku

Foto: Kolon Forlag

I Noriaki utnyttar forfattaren fullt ut den fridomen andre haikupoetar (som Jan Erik Vold og Paal-Helge Haugen – og også Jack Kerouac og Allen Ginsbergs i deira stoffinduserte «beat-zen») allereie midt på sekstitalet hadde tilkjempa seg innanfor den japanske litterære sjangeren.

Endre Ruset: Lyden av snø. Flamme forlag.
Anmeldt av Øystein Hauge.

Allereie som nittenåring debuterte Endre Ruset med den feira samlinga «Ribbeinas vingespenn». Og tretten år seinare skal det framleis handle om avstanden mellom venstre og høgre vingetippen. Denne gongen hos ein japansk skihoppar.

Noriaki Kasai debuterte i verdscupen i hopp i Thunder Bay i 1989. Og så seint som under OL i Sotsji plukka han med seg ei gjev sølvmedalje. Det i ein alder av 41 år. Men sjølv om det først og fremst er hoppsporten og Noriaki som er inspirasjonskjelda til dei siste dikta frå Rusets hand, snakker vi i høgste grad også haiku her. I forordet til det forlaget kaller boksingler (meir som små hefte enn bøker å rekne, alt i Yokolands elegante design og utforming) er det synt til den japanske diktaren Ban´ya Natsuishi som den andre inspirasjonskjelda for dikta. Men med noen års røynsle med haikuforma vil eg vel seie at også eitpar av dei fire store i japansk haikudikting (Basho, Buson, Issa, Shiki) lurer i bakgrunnen. Og slik like gjerne kunne ha vore kreditert.

Dette er uansett elegant gjort. På den eine sida demonstrerer forfattaren for oss hoppsporten som den ultimate rørslepoesi – slik han samstundes peiker på haikudiktet som det ultimate minimalistiske diktet. Ei diktform som tar mål av seg å konkretisere heile verda i små og få detaljar. Og når Ruset eit stykke ut i diktsingelen frekt og freiding parafraserer Jan Erik Vold gjennom dei fire orda «Noriaki/henger der/ikke» er det at eg også tar meg i å leite etter ditto parafrasering av sjølve inkarnasjonen av haikudiktet, Bashos (1644-1694) «gammal dam/ein frosk hoppar/lyden av vatn».

I Noriaki utnyttar forfattaren fullt ut den fridomen andre haikupoetar (som Jan Erik Vold og Paal-Helge Haugen – og også Jack Kerouac og Allen Ginsbergs i deira stoffinduserte «beat-zen») allereie midt på sekstitalet hadde tilkjempa seg innanfor den japanske litterære sjangeren. Og ei mengd surrealistar og modernistar før desse att. Og som hos poetane over er bileta som Ruset held fram for oss også utan ornamentering. Som sett frå hopptårnet i Bischofshofen eller Garmisch-Partenkirchen ein lysande, klar januardag.

Så kan det vere at forfattaren eitpar stader i samlinga tillet seg i overkant mykje namedropping. I så korte dikt det er snakk om her toler vi ikkje mange fonetiske sprell av typen «etter Noriaki/er det Anssi/Koivuranta». Der det fonetisk vakre i seg sjølv ikkje nok, om ikkje teksten også tar oss vidare. Med dei nye dikta plasserer Ruset seg trygt i den moderne, nesten formlause og uhøytidelege haikutradisjonen. Og i Noriaki finn vi også mykje av den same språklege leiken han bydde inn til i samlingene «Ribbeinas vingespenn» (2001) og «Kims lek» (2005).

Og den leiken, den vil du sjå.

(boka meldt for Romsdals Budstikke)