Jordnært og storslått

Gjennom ‘Drankarar og galningar’ har vi fått eit nytt, stort poetisk verk her i landet. Ei samling narrative tekstar eg meiner er som skapt også for teaterscene.

Drankarar og galningar
Knut Ødegård

Dikt i utval (CappelenDamm, 2015)

Anmeldt Romsdals Budstikke av Øystein Hauge

Mitt første møte med Knut Ødegård fann stad i ein folkevognbuss på veg frå Molde til Ålesund i 1991. Bokhandlaren Ola Gjendem var sjåfør. Alle tre hadde vi med oss bøker vi skulle snakke om på radioen. ‘Kinomaskinst’. Det var noe uvant konkretistisk over tittelen på boka til poeten frå Holgarden. «Eg var eit barn / med lydlaus gråt / om nettene. Må ikkje / vekkja opp fars uniformslue / i skåpen». Dette kan ikkje ha vore ei lett bok å skrive, hugsar eg eg tenkte. Alt som ikkje kan snakkast om. Som han likevel snakker om.

Poeten Endre Ruset har valt å ta med samtlege dikt frå nettopp ‘Kinomaskinist’ når han i den storslagne ‘Drankarar og galningar’ presenterer eit omfattande utval av Ødegårds jordnære og særeigne poesi. Mannen i tversoversløyfa som i 1969 starta si diktargjerning med ‘Drøymaren, vandraren og kjelda’ – og som fram til ‘Det blomstra så sinnsjukt’ (2009) har sendt frå seg den eine samlinga etter den andre der nettopp evna til å løfte det lokale og nære over i det vi gjerne omtaler som universell litteratur, vert så grundig dokumentert.

I ei tid då plakatpoesi var høgst tilstades i den poetiske bokhausten og det ikkje var rare plassen att til diktarar som Ødegård, heldt han fram med å skrive. Med freidig å opne opp på vidt gap dørene inn i den romsdalske røynda. Men ikkje meir romsdalsk og lokalt enn at han i neste tekstside kunne skrive seg inn i ein tradisjon i slekt med den vi finn i mellom anna poesien frå Den austlege verda og dermed også verdspoesien. Dette nesten udefinerbare møtet mellom det evige og det som er her og no.

Sterkast i ‘Drankarar og galningar’ blir for denne lesaren gjensynet med det mektige diktet ‘Stephensenhuset’ frå samlinga med same namn (2003). ‘Lilleknut kvelver med deighendene sine /glaskula, halvkula: Ho blir heil / når han set henne frå seg på voksduken, tenkjer han: Jorda / krummar seg i eit svimlande myrker under snøen…’.

Lilleknut er forlengst blitt til diktarknut og fyller 70 i november. Og i boka finn vi den aldrande mannen på vegen opp til Kringsjå, ‘lengst oppe mot himmelen / over Molde by, utanfor verda’. Og der langs vegen deler han med seg av dikta sine. Folkelege og høgtidssame. Lågmælte og storstlåtte.

Gjennom ‘Drankarar og galningar’ har vi fått eit nytt, stort poetisk verk her i landet. Ei samling narrative tekstar eg meiner er som skapt også for teaterscene.