Diktaren George Mackay Brown

George Mackay Brown er peika på som ein ein av Skottlands største poetar i det tjuande århundre. Og ein av dei som går god for den litterære kvaliteten hos denne unike observatøren er Seamus Heany: ‘Eg har aldri noen stad sett Brown få den rosen poesien hans eigentleg fortener’.

George Mackay: For øyane syng eg
Dikt i utval – gjendikta av Jostein Sæbøe (Nordsjøforlaget, 2015)

anmeldt av Øystein Hauge

På gravsteinen til orknøyingen og poeten George Mackay Brown (1921 – 1996) står det å lese: ‘Riss inn runene / ver så nøgd med stilla’ (originalt: ‘Carve the runes / Then be content with silence’). Denne nærmaste poetiske trusvedkjenninga er henta frå diktet ‘Eit arbeid for diktarar’ er no tilgjengeleg gjennom samlinga ‘For øyane syng eg’ i meisterleg gjendikting ved Jostein Sæbøe.

Heile tolv diktsamlinger frå George Mackay Browns hand er kjelder Sæbøe har ausa frå. I det som er blitt ei usedvanleg vakker samling dikt frå vest i havet. Ei feiring av ‘den vesle grøne verda’ Orknøyane, der poeten levde tett på naturen og havet mesteparten av livet sitt.

George Mackay Brown er peika på som ein ein av Skottlands største poetar i det tjuande århundre. Og ein av dei som går god for den litterære kvaliteten hos denne unike observatøren er Seamus Heany: ‘Eg har aldri noen stad sett Brown få den rosen poesien hans eigentleg fortener’.

I dikta George Mackay Brown skriv fram over det tidlause Orknøyane er det likevel referansar til samtida å spore: opposisjonen til det materialistiske, til kapitalkreftene, som heile tida er tilstades mellom tekstlinjene. Det materialistiske som han i sjølvbiografien sin kaller: ‘A rootless utilitarian faith, without beauty or mystery’.

Mest kraftfull er Brown i samlinga ‘Fishermen with Ploughs’ (1971) der Sæbøe har vore og henta heile seks dikt. Men allereie i debutsamlinga ‘The Storm’ (1954) letter GMB på sløret over tematikken han seinare stadig vil vende attende til. ‘Ved første rop av daggry vakna han / knytte støvlane og klora etter lopper / dyppa andletet i den skvalpande kjelda / og glefsa i seg bitane med brød og ost’.

Vi snakker i poesien om imagistane. Og Brown er fleire gonger blitt kopla til kanskje den mest kjende av dei alle; Ezra Pound. Bilete bygd opp rundt ein nærmast total objektivitet, der biletet må snakke for seg sjølv. Og det er kanskje i dei høst improviserte versjonane av haikudiktet at denne objektiviteten er mest synleg: ‘Alltid ved stranda, kyrkje og kyrkjegard. / Sogene om dei døde, dei innhogde namna / vende mot aust, inn i det første lyset, blant sjølydar’.

Den etterkvart så røynde gjendiktaren Jostein Sæbøe er også ansvarleg for bokas fyldige etterord innehaldande klåre riss av livet til mannen bak det poetiske universet vi no blir kjende med i denne tvers gjennom velkomponerte samlinga.