Årlige arkiver: 2017

Drankarar og galningar

Drankarar og galningar
Knut Ødegård

Dikt i utval (CappelenDamm, 2015)

Anmeldt av Øystein Hauge

Mitt første møte med Knut Ødegård fann stad i ein folkevognbuss på veg frå Molde til Ålesund i 1991. Bokhandlaren Ola Gjendem var sjåfør. Alle tre hadde vi med oss bøker vi skulle snakke om på radioen. ‘Kinomaskinst’. Det var noe uvant konkretistisk over tittelen på boka til poeten frå Holgarden. «Eg var eit barn / med lydlaus gråt / om nettene. Må ikkje / vekkja opp fars uniformslue / i skåpen». Dette kan ikkje ha vore ei lett bok å skrive, hugsar eg eg tenkte. Alt som ikkje kan snakkast om. Som han likevel snakker om.

Poeten Endre Ruset har valt å ta med samtlege dikt frå nettopp ‘Kinomaskinist’ når han i den storslagne ‘Drankarar og galningar’ presenterer eit omfattande utval av Ødegårds jordnære og særeigne poesi. Mannen i tversoversløyfa som i 1969 starta si diktargjerning med ‘Drøymaren, vandraren og kjelda’ – og som fram til ‘Det blomstra så sinnsjukt’ (2009) har sendt frå seg den eine samlinga etter den andre der nettopp evna til å løfte det lokale og nære over i det vi gjerne omtaler som universell litteratur, vert så grundig dokumentert.

I ei tid då plakatpoesi var høgst tilstades i den poetiske bokhausten og det ikkje var rare plassen att til diktarar som Ødegård, heldt han fram med å skrive. Med freidig å opne opp på vidt gap dørene inn i den romsdalske røynda. Men ikkje meir romsdalsk og lokalt enn at han i neste tekstside kunne skrive seg inn i ein tradisjon i slekt med den vi finn i mellom anna poesien frå Den austlege verda og dermed også verdspoesien. Dette nesten udefinerbare møtet mellom det evige og det som er her og no.

Sterkast i ‘Drankarar og galningar’ blir for denne lesaren gjensynet med det mektige diktet ‘Stephensenhuset’ frå samlinga med same namn (2003). ‘Lilleknut kvelver med deighendene sine /glaskula, halvkula: Ho blir heil / når han set henne frå seg på voksduken, tenkjer han: Jorda / krummar seg i eit svimlande myrker under snøen…’.

Lilleknut er forlengst blitt til diktarknut og fyller 70 i november. Og i boka finn vi den aldrande mannen på vegen opp til Kringsjå, ‘lengst oppe mot himmelen / over Molde by, utanfor verda’. Og der langs vegen deler han med seg av dikta sine. Folkelege og høgtidssame. Lågmælte og storstlåtte.

Gjennom ‘Drankarar og galningar’ har vi fått eit nytt, stort poetisk verk her i landet. Ei samling narrative tekstar eg meiner er som skapt også for teaterscene.

Til bryllup og begravelsar


Arne Ruset: 
«Vi kan ikkje eige kvarandre» – Dikt  
Redigert av Joakim Kjørsvik for Bokvennen forlag
(anmeldt av Øystein Hauge for Romsdals Budstikke)

Diktaren Arne Ruset står neppe i fare for å bli påklistra merkelappen «fornyar av lyrikksjangeren». Gjennom sin lange poesipraksis har han snarare vore med på å vedlikehalde og konservere kvardagsspråket vårt slik det i dag framstår som ein av dei viktigaste grunnpillarane i norsk diktarkunst; kvardagsspråket vi alle er fortrulege med og kjenner så godt.

Det er likevel med ei viss spenning vi lar peikefingeren gli gjennom dikta til Rusets «Vi kan ikkje eige kvarandre – dikt i utval«, redigert av forfattaren Joakim Kjørsvik og forordet ved sonen og poeten Endre Ruset. For vil no tekstane med den tydelege tidskoloritten og dei gode poetiske bileta vi ein gong møtte i «Spelemannslaget Love«, «Mus» og «Hjernebløming» ha tolt alle desse åra?

Slik debutsamlinga «Spelemannslaget Love» (1973) er del inn i tre delar, kan det vere freistande å halde på same inndelinga også for denne boka. Ja, for heile forfattarskapen: Sjel. Kropp. Musikk.

Og for å dvele litt ved det første: Ruset er ikkje aleine om å syne oss poesien som døropnar for nye sjelelege landskap og minnearbeid, slik vi vel veit ein kan øve seg opp til. Gjennom diktet øve seg opp til «å innta haldningar som lettare opnar augneblinken for nærleik» (poeten og psykologen Helge Torvund). Og serleg er det den nostalgiske grunntonen i dei fleste av Arne Rusets dikt som bidrar til å gje, i alle fall denne lesaren, ei oppleving av nærmast å ha kome frå eit stemnemøte med seg sjølv (kor navlebeskuande det enn må høyrest ut). Eit møte der poeten minna deg om: Du må grine tårane dine sjølv. Du må leve livet ditt sjølv. For halvvegs å seie det med ein gitarspelande prest frå Sauda.

Så er det heller ikkje alle dikta i samlinga som insisterer på å bli tatt like alvorleg. Og det er nettopp gjennom dei meir upretensiøse dikta, dei poeten sjølv kaller ungdomssyndene sine, han har nådd eit nytt og større publikum. Diktet «Å leve» som instagramkontoen «Ren poesi» allereie timar etter publisering, var lese og likt av fleire tusen.

Men Sixten Jernberg har ikkje instagramgenerasjonen høyrt om. Så her eit fragment av diktet til den svenske langrennsløparen:

«Svensken med nam av jarn. Vinterstid / kom han rett som det var stakande inn i tryggleiken vår. / I grelle tankebilete hang han framover / på dei seige bambusstavane, med eit samanbite grin og / trådar av snørr / hengande frå haka«.

Sjølv om Ruset noen stader balanserer på ein knivsegg når det kjem til bruk av paradoks og andre stader reine ordspel, demonstrerer han i dikt etter dikt at han aksler denne oppgåva poetar til alle tider er blitt stilt andsynes: I eine og same diktet skulle kombinere det leikne og djupt alvorlege. Fleire av tekstane hans innbyr dessutan til ei større vektlegging av diktets auditive/lydlege sider. I samlinga finn vi fleire dikt som skapt for høtlesing og helsinger. Om du er på veg til bryllup eller begravelse.

Vedstabelen

Helge Torvund: Skal me leggja ein vedstabel saman (Kvalshaug Forlag)
Anmeldt av Øystein Hauge

Heilt frå han som ung student vart introdusert for poesien har diktet vore der, tilstades i livet til Helge Torvund. Gjennom snart førti år (og eg har ikkje klart å finne ut av kor mange bøker) har han vore ei poetisk røyst det ikkje finst maken til i den norske bokheimen.

No er han aktuell med samlinga «Skal me leggja ein vedstabel saman» – ei poesibok med undertittelen «Mine beste kjærleiksdikt».

Og visst er det dikt her om dei to som er glade i kvarandre. Men dette er også ei bok om kjærleiken til naturen og til alt det andre som møter oss i kvardagen. Eller som Torvund sjølv skriv i forordet: «Eg har teke med i utvalet også dikt om vatn, om lys, om valmuar og bokfinkar».

Sterkast i samlinga er etter mi meining dei mange dikta som kretsar om barndom, leik og oppvekst i det jærske landskapet. Og slik blir ikkje dette berre ei samling kjærleiksdikt. Men også ei samling Jærleiksdikt.

Helge Torvund har gjennom diktarlivet sitt stadig utvida det poetiske universet. Han er det vi må kunne kalle ein språkkritikar i den forstand at han ikkje går av vegen for å ta alvorlege oppgjer med det klisjéfylte kvardagsspråket (og ditto maktspråket). Men der ein poet som t.d. Georg Johannesen skriv fram syrlege paradoks er Torvund meir skånsom og velgjer heller å la lommelykta si lyse opp noen váre motbilete for dei som vil lese.

Det fine med desse dikta er dessutan at dei kjem så herleg hulter til bulter. Dette er ei diktbok fri for kunstig redigering og stikkord som maser på deg om å bli med inn under ein eller annan paraply. Her står einskilddiktet fjellstøtt for seg sjølv. Ikkje sidan Kolbein Falkeids samla dikt.. Kunne eg ha skrive. Og skriv det!

Rundt 90 dikt frå åra 1977 til 2012 er med i samlinga. Og som det heiter hos dei som sel knivar og kjøkenreiskap midtsommers på Karl Johan: «Men ikkje nok med dét! Vi gir deg med på kjøpet..». Torvund gir oss med på kjøpet ei knippe nyskrivne dikt! Men der knivselgjaren prakker på oss alskens unyttige kjøkenreiskapar legg Torvund berre ved dikt eg trur vi ein vakker dag vil få bruk for, alle.

Med på kjøpet får du også med noen passe rufsete (herlege!) etterord av to karar med mange års røynsle med både rock og poesi; Bjørn Eidsvåg og Håvard Rem. Sistnevnte sit ein stad i dette etterordet og kiker ned i eit fotografi av Torvund frå under gymnastida: «.. der han fremstår som en hipster, en motebeviss mod, iført en sort, smart dress, sort, smalt slips, solbriller – ikke ulikt Bob Dylan anno 1965-66. Torvund i Soho, Helge på Carnaby Street».

Og seinare i det same, velskrivne etterordet: «Om du krasjet på Torvunds sofa var det Bjørneboe, Dylan og van Gogh som iakttok deg når du våknet i det vesle av morgenlys som trengte gjennom de tunge gardinene».

Trekk frå gardinene. Opne opp for Torvunds lysande kjærleiksdikt.

Lyden av snø

Endre Ruset: Lyden av snø. Flamme forlag
(anmeldt av Øystein Hauge for Romsdals Budstikke)

Allereie som nittenåring debuterte Endre Ruset med den feira samlinga «Ribbeinas vingespenn». Og tretten år seinare skal det framleis handle om avstanden mellom venstre og høgre vingetippen. Denne gongen hos ein japansk skihoppar.

Noriaki Kasai debuterte i verdscupen i hopp i Thunder Bay i 1989. Og så seint som under OL i Sotsji plukka han med seg ei gjev sølvmedalje. Det i ein alder av 41 år. Men sjølv om det først og fremst er hoppsporten og Noriaki som er inspirasjonskjelda til dei siste dikta frå Rusets hand, snakker vi i høgste grad også haiku her. I forordet til det forlaget kaller boksingler (meir som små hefte enn bøker å rekne, alt i Yokolands elegante design og utforming) er det synt til den japanske diktaren Ban´ya Natsuishi som den andre inspirasjonskjelda for dikta. Men med noen års røynsle med haikuforma vil eg vel seie at også eitpar av dei fire store i japansk haikudikting (Basho, Buson, Issa, Shiki) lurer i bakgrunnen. Og slik like gjerne kunne ha vore kreditert.

Dette er uansett elegant gjort. På den eine sida demonstrerer forfattaren for oss hoppsporten som den ultimate rørslepoesi – slik han samstundes peiker på haikudiktet som det ultimate minimalistiske diktet. Ei diktform som tar mål av seg å konkretisere heile verda i små og få detaljar. Og når Ruset eit stykke ut i diktsingelen frekt og freiding parafraserer Jan Erik Vold gjennom dei fire orda «Noriaki / henger der / ikke» er det at eg også tar meg i å leite etter ditto parafrasering av sjølve inkarnasjonen av haikudiktet, Bashos (1644-1694) «gammal dam/ein frosk hoppar/lyden av vatn».

I Noriaki utnyttar forfattaren fullt ut den fridomen andre haikupoetar (som Jan Erik Vold og Paal-Helge Haugen – og også Jack Kerouac og Allen Ginsbergs i deira stoffinduserte «beat-zen») – allereie midt på sekstitalet hadde tilkjempa seg innanfor den japanske litterære sjangeren. Og ei mengd surrealistar og modernistar før desse att. Og som hos poetane over er bileta som Ruset held fram for oss også utan ornamentering. Som sett frå hopptårnet i Bischofshofen eller Garmisch-Partenkirchen ein lysande, klar januardag.

Så kan det vere at forfattaren eitpar stader i samlinga tillet seg i overkant mykje namedropping. I så korte dikt det er snakk om her toler vi ikkje mange fonetiske sprell av typen «etter Noriaki / er det Anssi / Koivuranta». Der det fonetisk vakre i seg sjølv ikkje nok, om ikkje teksten også tar oss vidare. Med dei nye dikta plasserer Ruset seg trygt i den moderne, nesten formlause og uhøytidelege haikutradisjonen. Og i Noriaki finn vi også mykje av den same språklege leiken han bydde inn til i samlingene «Ribbeinas vingespenn» (2001) og «Kims lek» (2005).

Og den leiken, den vil du sjå.

(boka meldt for Romsdals Budstikke)

Arkitekturens poesi

Margrethe Aas: Vy (Tiden Norsk Forlag)
(anmeldt av Øystein Hauge for Romsdals Budstikke)

Heilt i starten av diktsamlinga Vy gir debutanten Margrete Aas oss byen frå eit fugleperpektiv. Men det varer ikkje lenge før ho går tettare på. Med ein arkitekts presisjon skriv ho fram boligblokkene og -t-banestasjonane. Held gatelysa og butikkvindaugene fram for oss slik du aldri har sett dei før. Men ho vil også syne deg naturen.

Poeten og arkitekten oppvaksen på Tornes i Fræna er ikkje den einaste som har latt byen og byarkitekturen utgjere rammene og reisverket for poetiske framstillinger av mennesket i urbane rom. Men eg trur ho må vere ganske aleine om å insistere så klart på å behalde arkitektens blikk inn i det skjønnlitterære. Slik blir poeten ein slags fødselshjelpar som set meg som lesar i stand til å erfare dei store motsetningane mellom alt det visuelt vakre vi kan finne i ein by, samtidig som ho ikkje nøler med å peike på det nærmast nødvendig grimme og brutale ved moterne byarkitektur.

I fleire av dikta tar poeeten turen ut av byen til det denne lesaren meir oppfattar som bygdebyen. Då legg ho frå seg arkitektfagterminologien og betrakter verda i vendinger vi nok er meir vane med. Og slik også opplever som meir tilgjengelege. ‘Den største stilla er ein søndagsgrå katt / framfor dørene til kjøpesenteret // tomheit omfamnar bensinpumpene / på gule areal løftar havreaksa seg for å inngå’.

Og det er nærmast umulig å lese denne vesle teksten utan også å peike på den amerikanske målaren Edward Hopper sine abstraherte kvardagsscener der han nettopp ved tidlaust og distansert å uttrykke sine inntrykk av verda samtidig evner å gjere desse allmengyldige. I dette ligg også noe av styrken i Margrethe Aas sine dikt. I distansen. I den abstraherte tekststrukturen.

For med sin gjennomførte nærmast mekaniske skrivemåte gir ikkje denne debutanten ved dørene, men lar snarare lesaren sjølv utforske bylandskapet: ‘Spring langs innfartsårer og kollektivtrasear, lys blir gatelys, blir gatelykter, blir historiske lampettar med gule skin, retningsstyrt bilspråk blir trerekker og signal om folkeliv strødd utover..’.

Så skulle eg nok gjerne sett at Aas også hadde drøfta meir dei opplagt sosiale strukturane vi veit byen og byarkitekturen etablerer, og slik invitert heile mennekset med inn. Inn i dette store rommet som m.a. den kubanske kunstnaren Carlos Caraicoas (aktuell ved Museet for Samtidskunst i Oslo gjennom heile sommaren 2015) er så opptatt av: arkitektoniske strukturar som bakteppe for så vel politiske som sosiale endringer.

Det får komme i Vy II.

Inger Christensen: Det

Inger Christensen: Det. Gjendiktet av Endre Ruset.
(anmeldt av Øystein Hauge for Romsdals Budstikke)

Danske Inger Christensen står som ein bauta i nordisk poesi. Gjennombrotet fekk ho med diktsamlinga Det, utgitt i 1969 – ei samling dikt systematisert i underkategoriar og der idear om sjølve skapinga og angsten for det eg les som ragnarokk, vert formidla innanfor stramt oppbygde rammer og konstruksjonar. Det er dette konglomeratet av ei diktsamling moldediktaren og poesiformidlaren Endre Ruset no har gitt seg i kast med og gjendikta til norsk.

Sjølve diktverket er delt inn i tre overordna delar: Prologos, Logos og Epilogos, der vi i Prologos møter ein observerande forteljar som kaster oss ut i eit tilnærma totalt kaos men der du som lesar snart får auge på lyset, hav og land, dyr, menneske og etterkvart også byane. Små forteljinger som heile tida spring ut av ordet det, men der samanhangar og setningar stadig auker i omfang.

Det er sjeldan eg les dansk eller svensk poesi omsett til norsk som i kvalitet og nyansar overgår originaldiktet. Men når eg no med eine handa blar i Christensens nesten femti år gamle diktbok og med andre leiter meg fram i Rusets 2016-versjon slår det meg: ikkje berre evner gjendiktaren i einskildpassasjar å kaste nytt lys over dei opphavlege tekstane, men klarer noen stader også det kunststykket å tilføre dei nye litterære verkemiddel og (tids)kolorittar. Og med ditto blikk for god fonetikk og herlege allitterasjonar endte denne lesaren fleire gonger opp med i einerom å utbryte eit aldri så lite bravo!

No er Endre Ruset på ingen måte noen skårunge uti poesien. Og at det var nettopp han som av forlaget Pax vart beden om å gje seg i kast med den danske klassikaren, fortel mykje om den status moldepoeten har blant dei i forlag og aviser som steller spesifikt med poesisjangeren. Det slo meg vel heilt i starten at denne diktboka må då kunne hatt godt av ein røynd, tilårskomen poet – til eit slikt sisyfosarbeid ei Christensen-attdikting på mange måtar må vere. Men då var det meir tida Det vart skriven i eg tenkte på. Og då på det radikale politiske miljøet Inger Christensen var ein del av og som nødvendigvis også må ha verka inn på språket hennar.

Men så er det nettopp her gjendiktaren til fulle forsvarer plassen sin. Når han gjennom eit nærmast ungdommeleg overmot, men likevel med språkleg autonomitet og identitet, mellom anna fleire stader tillater seg å hoppe bukk over rimet. For i neste omgang å bevege seg florlett inn i passasjar av nesten sjølvsagte poetikkar:

Det som skrives er alltid noe annet / Og det som beskrives noe annet igjen / Imellom dem ligger det ubeskrevne / som så snart det beskrives / åpner for nye ubeskrevne områder.

Å gjendikte poesi høyrde eg ein gong vart samanlikna med det å skulle gjendikte musikk. Då vil eg berre ha sagt: Stemmegaffelen til Ruset er det verkeleg ikkje mykje å utsette på.

Donald Trump årets 17. mai-taler

(Donald Trump skal som kjent holde årets 17.mai-tale i hovedstaden og allereie no kan du lese eit kort utdrag av talen (som den amerikanske presidenten har fått Øystein Hauge til å omsette):

Wow! Så mange som bare elsker syttende mai! Gratulerer med dagen! En stor dag. Stor dag.

Ja. Har selv bursdag neste måned. Juni. Det kommer til å bli ei flott feiring. Veldig flott feiring.

Syttende mai. Grunnloven. Som er sytti år i år. Sytti år den norske grunnloven. Våre allierte. Norge. Jeg har passert sytti selv. Bursdag neste måned. Juni. Det kommer til å bli stor feiring. Veldig stor feiring.

17. mai er jo også en slags bursdag. Feiring av et fritt og uavhengig Norge. Og det kommer til å bli en helt fantastisk syttendemaitale om det frie og uavhengige Norge. Fantastisk tale.

Men Russland. Ikke ta for lett på Russland. Pris dere lykkelige for at dere ikke er Danmark. Som må dele grense med Russland. Veldig glade kan dere være. Frie og uavhengige. Veldig glade. Frie.

Etter den korte krigen dere hadde med Sverige i 1940 og så bli tvunget inn i union. Helt uakseptabelt. Noe ble holdt skjult. Men dere var sterke! Fantastisk sterke. Etter fem år i union hadde dere fått nok. Fantastisk. Da var det slutt. Fem år. Og som allierte var vi på plass. Etter fem år var vi på plass. United States. Gods own country. Fantastisk.  I maidagene 1945. Bare fire uker før gebursdagen min.

Og dikteren Wergeland. They told me. Solgt massevis av bøker. Jeg skriver også bøker. Går i store opplag. Enorme opplag. Og Ibsen. Nasjonalsangen han skrev. Fantastisk. Melodien også. Riktignok påfallende lik en amerikansk barnesang fra sekstenhundretallet. Men det er lenge siden. Jeg sa det til Ibsen. Det er lenge siden. Veldig lenge siden. Sekstenhundretallet. Det er bare å nekte. Melania fant en tale det stod Michelle på. Bare å nekte. Det går bra.

Syttende mai. Den største måneden. 32 dager i mai. Avslutter med noen ord fra en av våre beste baseballspillere. Absolutt en av våre beste. Norge også. Et av de beste landene. Med en økonomi bygget opp gjennom årtusener. To tomme hender. Norge som rangerer helt på topp i verden også når det kommer til baseball. To hender.

Yogi Berra. Baseballspiller. Passer så godt på nasjonaldagen før dere går videre til Pizza Hut. Fantastiske menyer de har Pizza Hut. En nær venn av meg eier Pizzahut. Han eier Pizzahut sammen med meg. Han sier: – Det er lurt å dele pizzaen i fire stykker, når du ikke er sulten nok til å spise seks.

My friends! Gratulerer med dagen! And thank you, Øystein, for your terrific translation of my first 17th of May-speech in Norway ever. Terrific translation. And a great speech. Really really a great speech!