Balansert om byen

Det er nærmast umulig å lese denne vesle teksten utan også å peike på den amerikanske målaren Edward Hopper sine abstraherte kvardagsscener der han nettopp ved tidlaust og distansert å uttrykke sine inntrykk av verda samtidig evner å gjere desse allmengyldige.

Margrethe Aas: Vy (Tiden Norsk Forlag)

anmeldt av Øystein Hauge

Heilt i starten av diktsamlinga Vy gir debutanten Margrete Aas oss byen frå eit fugleperpektiv. Men det varer ikkje lenge før ho går tettare på. Med ein arkitekts presisjon skriv ho fram boligblokkene og -t-banestasjonane. Held gatelysa og butikkvindaugene fram for oss slik du aldri har sett dei før. Men ho vil også syne deg naturen.

Poeten og arkitekten oppvaksen på Tornes i Fræna er ikkje den einaste som har latt byen og byarkitekturen utgjere rammene og reisverket for poetiske framstillinger av mennesket i urbane rom. Men eg trur ho må vere ganske aleine om å insistere så klart på å behalde arkitektens blikk inn i det skjønnlitterære. Slik blir poeten ein slags fødselshjelpar som set meg som lesar i stand til å erfare dei store motsetningane mellom alt det visuelt vakre vi kan finne i ein by, samtidig som ho ikkje nøler med å peike på det nærmast nødvendig grimme og brutale ved moterne byarkitektur.

I fleire av dikta tar poeeten turen ut av byen til det denne lesaren meir oppfattar som bygdebyen. Då legg ho frå seg arkitektfagterminologien og betrakter verda i vendinger vi nok er meir vane med. Og slik også opplever som meir tilgjengelege. ‘Den største stilla er ein søndagsgrå katt / framfor dørene til kjøpesenteret // tomheit omfamnar bensinpumpene / på gule areal løftar havreaksa seg for å inngå’.

Og det er nærmast umulig å lese denne vesle teksten utan også å peike på den amerikanske målaren Edward Hopper sine abstraherte kvardagsscener der han nettopp ved tidlaust og distansert å uttrykke sine inntrykk av verda samtidig evner å gjere desse allmengyldige. I dette ligg også noe av styrken i Margrethe Aas sine dikt. I distansen. I den abstraherte tekststrukturen.

For med sin gjennomførte nærmast mekaniske skrivemåte gir ikkje denne debutanten ved dørene, men lar snarare lesaren sjølv utforske bylandskapet: ‘Spring langs innfartsårer og kollektivtrasear, lys blir gatelys, blir gatelykter, blir historiske lampettar med gule skin, retningsstyrt bilspråk blir trerekker og signal om folkeliv strødd utover..’.

Så skulle eg nok gjerne sett at Aas også hadde drøfta meir dei opplagt sosiale strukturane vi veit byen og byarkitekturen etablerer, og slik invitert heile mennekset med inn. Inn i dette store rommet som m.a. den kubanske kunstnaren Carlos Caraicoas (aktuell ved Museet for Samtidskunst i Oslo gjennom heile sommaren 2015) er så opptatt av: arkitektoniske strukturar som bakteppe for så vel politiske som sosiale endringer.

Det får komme i Vy II.

1 Trackback / Pingback

  1. Heime mellom istidene | øystein hauge

Kommentarer er lukket.