Inger Christensen: Det

Foto: Pax Forlag

Inger Christensen: Det
Gjendiktet av Endre Ruset.
Pax forlag, 2016.

(Anmeldt av Øystein Hauge)

Danske Inger Christensen står som ein bauta i nordisk poesi. Gjennombrotet fekk ho med diktsamlinga Det, utgitt i 1969 – ei samling dikt systematisert i underkategoriar og der idear om sjølve skapinga og angsten for det eg les som ragnarokk, vert formidla innanfor stramt oppbygde rammer og konstruksjonar. Det er dette konglomeratet av ei diktsamling moldediktaren og poesiformidlaren Endre Ruset no har gitt seg i kast med og gjendikta til norsk.

Sjølve diktverket er delt inn i tre overordna delar: Prologos, Logos og Epilogos, der vi i Prologos møter ein observerande forteljar som kaster oss ut i eit tilnærma totalt kaos men der du som lesar snart får auge på lyset, hav og land, dyr, menneske og etterkvart også byane. Små forteljinger som heile tida spring ut av ordet det, men der samanhangar og setningar stadig auker i omfang.

Det er sjeldan eg les dansk eller svensk poesi omsett til norsk som i kvalitet og nyansar overgår originaldiktet. Men når eg no med eine handa blar i Christensens nesten femti år gamle diktbok og med andre leiter meg fram i Rusets 2016-versjon slår det meg: ikkje berre evner gjendiktaren i einskildpassasjar å kaste nytt lys over dei opphavlege tekstane, men klarer noen stader også det kunststykket å tilføre dei nye litterære verkemiddel og (tids)kolorittar. Og med ditto blikk for god fonetikk og herlege allitterasjonar endte denne lesaren fleire gonger opp med i einerom å utbryte eit aldri så lite bravo!

No er Endre Ruset på ingen måte noen skårunge uti poesien. Og at det var nettopp han som av forlaget Pax vart beden om å gje seg i kast med den danske klassikaren, fortel mykje om den status moldepoeten har blant dei i forlag og aviser som steller spesifikt med poesisjangeren. Det slo meg vel heilt i starten at denne diktboka må då kunne hatt godt av ein røynd, tilårskomen poet – til eit slikt sisyfosarbeid ei Christensen-attdikting på mange måtar må vere. Men då var det meir tida Det vart skriven i eg tenkte på. Og då på det radikale politiske miljøet Inger Christensen var ein del av og som nødvendigvis også må ha verka inn på språket hennar.

Men så er det nettopp her gjendiktaren til fulle forsvarer plassen sin. Når han gjennom eit nærmast ungdommeleg overmot, men likevel med språkleg autonomitet og identitet, mellom anna fleire stader tillater seg å hoppe bukk over rimet. For i neste omgang å bevege seg florlett inn i passasjar av nesten sjølvsagte poetikkar:

Det som skrives er alltid noe annet / Og det som beskrives noe annet igjen / Imellom dem ligger det ubeskrevne / som så snart det beskrives / åpner for nye ubeskrevne områder.

Å gjendikte poesi høyrde eg ein gong vart samanlikna med det å skulle gjendikte musikk. Då vil eg berre ha sagt: Stemmegaffelen til Ruset er det verkeleg ikkje mykje å utsette på.