Og så dukka den fabelaktige Maria Parr opp..

Foto: Tiden Norsk Forlag

av Øystein Hauge

I september er det litteraturfest i Molde igjen! Og vi har spurt eit knippe forfattarar og litteraturfolk om kva dei hugser frå tidlegare besøk under Bjørnsonfestivalen. Først ute er forfattaren og poeten Ruth Lillegraven. Lillegraven er frå Granvin i Hardanger og debuterte i 2005 med Store stygge dikt og har seinare gitt ut romanen Mellom oss og diktsamlinga Urd, som ho vann Brageprisen og Bokbloggarprisen 2013 for. I 2014 kom diktsamlinga Manilahallen ut – og to år etter; Sigd. Ho har skrive barnebøker, redigert diktantologiar og fekk i 2017 Nynorsk Litteraturpris.

Ruth Lillegraven begynner med å framsnakke kaffien i Molde:

Eg hugsar eg var på ein veldig koseleg kafé med god kaffi. Eg hugsar at Tiden-kollega Ida Hegazi-Høyer fekk Bjørnsonstipendet og at me skåla på det.

Og eg hugsar at eg deltok i ein samtale med Lars Amund Vaage og Pedro Carmona-Alvarez, der både Pedro og Lars Amund sa så mykje fint og klokt – og der me etterpå vart sitjande lenge og diskutere vidare over ein matbit. Det er slikt som nesten aldri skjer, og som eg har tenkt tilbake på mange gonger.

Eg hugsar også eg sat på kaien og beundra Moldepanoramaet, det var sol og blå himmel og eg blei glad av å sitje der. Og så dukka den fabelaktige Maria Parr opp, og me fekk ein god prat på tomannshand – for første og til dags dato siste gong. Om eg kjem att ein gong, skal eg prøve få med meg meir program – men håpar også eg får nokre like fine, impulsive kollega-treff.

(Onsdag får vi eit postkort frå Olaug Nilssen, der ho på baksida av kortet skriv om noko ho hugser godt frå Molde og Bjørnsonfestivalen).