«Han skreiv likevel nye dikt…»

Foto: Bent R. Synnevåg / Samlaget

I september er det litteraturfest i Molde igjen! Og i ein aldri så liten uhøgtideleg enquete har vi spurt eit knippe forfattarar kva dei hugser frå tidlegare besøk under Bjørnsonfestivalen. I dag: Olaug Nilssen.

av Øystein Hauge

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Seinare har har Nilssen skrive bøker i fleire sjangrar og og vi møter henne stadig i det offentlege ordskiftet. Ho er slik blitt ein viktig stemme som når langt ut over det skjønnlitterære (om ein kan seie det slik). Mange vil kjenne boka og teaterstykket Stort og stygt der Olaug Nilssen tematiserer det å vere forelder for eit barn som ikkje er som dei andre. Stor spenning er knytt til haustens bok Tung tids tale, der det autistiske barnet får komme til orde gjennom ei mors kamp for å forstå kva som skjer med guten. Ei mors kamp for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. «Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie«, les vi sitert frå boka (som kjem i september).

Men før bokhausten… Olaug Nilssens minne frå Bjørnsonfestivalen:

Mitt beste Bjørnssonminne er frå 2009. Eg høyrde då Paal-Helge Haugen sitt føredrag om å vere bibelomsetjar og å trekke seg frå jobben. Han skreiv likevel nye dikt, inspirert av arbeidet med bibeltekstane. Det var særs interessant, både litterært og teologisk. Ekstra kjekt at det sat ei stor mengde prestar der, fleire i sine arbeidsklede og med store kors over lilla skjorter.

Same år heldt eg Folketalen, eg snakka om guten som kom ned frå fjellet etter Svartedauden og ikkje hugsa kva faren heitte, og difor fekk namnet «Faro«, som betydde «utan far«. I mi slekt er det mange som har behalde dette namnet, i den litt finare versjonen Pharo, sjølv om tradisjonen på eit tidspunkt i historia blei broten, og erstatta med det tilsynelatande meir jordnære Nilssen.

I morgon er det Tom Egeland som skriv i minneboka vår.

Tidlegare: Ruth Lillegraven