– Å høyre Inger Christensen lese heile den vedunderlege diktsamlinga «Sommerfugledalen»…

Foto: Samlaget

I september er det nok ein gong litteraturfest i Molde. Og vi har spurt eit knippe forfattarar og litteraturfolk om kva dei best hugser frå tidlegare besøk under Bjørnsonfestivalen. I dag: Brit Bildøen.

Mange av oss fekk ei leseoppleving av dei sjeldne då vi for eitpar år sidan fekk mellom hendene Sju dagar i august – Brit Bildøens historie om Sofie og Otto. Ho som jobbar på Munch-museet i Bjørvika. Han som er leiar for FROM (Foreningen for romfolket).  Om små og store hendingar ei veke i august. ‘Hendingar som kvar for seg er ikkje desse hendingane så alvorlege, men dei avslører små og store sprekkar både i ekteskapet, på jobben og i samfunnet rundt dei. Er alt i ferd med å falle frå kvarandre? Eller er desse ulykkene påminningar om ein større livskatastrofe?’ (Samlaget). 

Brit Bildøen er ein allsidig forfattar og lyrikar – som også har bak seg eit omfattande arbeide som litteraturkritikar, forlagskonsulent og omsetjar. Les meir om henne under forlagets heimesider – eller i nettleksika som her og her. Under Bjørnsonmimrer ho fra eitpar av sine mange besøk ved festivalen.

Mange, mange år som både gjest og deltakar på Bjørnsonfestivalen, og også nokre år som styremedlem i festivalen, har gitt meg ei rekke fine Bjørnsonminne. Men eg er ikkje i tvil om kva som har vore den sterkaste opplevinga.

Det var å høyre Inger Christensen lese heile den vedunderlege diktsamlinga «Sommerfugledalen» i ei av stovene på Alexandra hotell. Christensen ville ikkje bruke mikrofon, men det trong ho ikkje heller. Publikum sat musestille og fjetra mens kvinna med dei enormt store brillene las desse vakre sonettane. De stiger op, planetens sommerfugle / som farvestøv fra jordens varme krop … Det var ei magisk stund. Og nokre månader seinare var Inger Christensen død, og vi som fekk oppleve denne stunda, er evig takknemlege for at vi la frå oss alt anna, alle tankar og plikter, og fekk med oss dette. Seinare på kvelden sat Inger Christensen i lobbyen og snakka med sine norske diktarkollegaer, da Bjørn Tomren kom forbi og spontant begynte å jodle for henne. Det er grunn til å tru at denne spontankonserten gjorde reisa verdt for den vesle, store diktarinna.

Det kjekkaste eg har vore med på som deltakar på festivalen, var å få underhalde på ei gammal ferje saman med ein høgt skatta kollega frå same distrikt, Edvard Hoem. Ferja tøffa rundt på Moldefjorden mens vi snakka og las og publikum fekk servert bacalao. Dette var ei markering av at det var tretti år sidan «Kjærleikens ferjereiser» kom ut. Tre år tidlegare hadde eg gitt ut romanen «Landfastlykke», som på mange vis er eit moderne svar på Hoems ikoniske roman. Dette er einaste gongen vi har fått plassert desse romanane i samanheng, og det er dette som er det mest verdfulle Bjørnsonfestivalen og andre litteraturfestivalar kan by på: Unike møte og opplevingar som skjer berre ein gong, akkurat der og da.

Brit Bildøen

Vi koster også på oss tre minutt med nobelprisvinnaren Herta Müller – der ho snakker om nettopp Inger Christensen:

Neste ut i minneboka vår: Vidar Kvalshaug

Ruth Lillegraven
Olaug Nilssen
Tom Egeland
Endre Ruset
Laila Stien
Gro Dahle
Levi Henriksen
Helene Uri
Päivi Laakso