I kjem frå Hustadvika…

Du må legge seks Jendemsfjell oppå kvarandre for å få høgda til Mount Fuji. Det skal dei ha, japanarane. Men på den andre sida slepp vi jo vulkanutbrota her i Romsdal (foto: Øystein Hauge)

[Local News] KOMMER SNART: To gullstruper + ein trollmann av ein felespelar + eit eventyr av noen musikantar elles også. Snart på Spotify, SoMe o.a. For nye Hustadvika Kommune måtte sjølsagt få ein aldri så liten sang. Fire innbyggjarar i nykommunen kjem til orde. Men teksten må du gjerne forlenge. Med så mange vers du vil: ‘I kjem frå inni Malmefjorden’, ‘I kjem frå uti Buaværet’, ‘I kjem frå vest for Silnesmyra’, ‘I kjem frå under Jemdemsfjellet, ‘I kjem frå litt før Aurekrysset’ osb: 

I KJEM FRÅ HUSTADVIKA

I kjem frå oppi Torneskleiva
Vågøy he du sør
I he sett snart heile landet
I e langtransportsjåfør
Men når hjula rulle rett vei´n
Og sola heng i vest
Og han Åge søng på radio´n
Då lika I me best

I kjem frå sør i Kornstadfjorden
Båten ligg på land
I he marmorstøv i buksebretten
Høgge her på Strand
I e kjølær – han e løngstær
Og en nåsar e her au
Vi høgge og vi høgge
Ta her livet e ein sjau

(ref)

Bårå bryt
Og vijn´ den søng slik
Her er himmel nok
Her e vi oss sjøl
Her he vi rodd
Her he vi elska
Streva og kjempa
Dansa, grått og lengta
Det e her vi høre te

I kjem frå der kor vegen
tar mot Vevangstraumen bru
Der du aldri ser ein bobil
he fått nok og så vil snu
Der du aldri vil gå glipp tå
MS Fram eller Richard With
Du kan sjå dem klar tå Merraflu
Bakom ryggen te ho Britt

I kjem frå sør om elva
der du svinger tå te Bud
Under borga te han Aslak
E så fint her! Herregud!
Ja det står om oss i Snorre
Det he du sekkert haurt
Vi e fostra opp på norravind
På sild og havregraut

(ref)

Bårå bryt
Og vijn´ den søng slik
Her er himmel nok
Her e vi oss sjøl
Her he vi rodd
Her he vi elska
Streva og kjempa
Dansa grått og lengta
Det e her vi høre te