Frid og forsoning

Foto: Forfattarens heimesider

Å stå i dette litterære utanforskapet trur eg Norges mest leste forfattar har forsona seg med forlengst – og også lever godt med.

av Øystein Hauge

Frid Ingulstad har skrive historiske romanar, barnebøker og serieromanar. Best kjenner vi historia om Elise i serien Sønnavind – ein serie bøker som no er oppe i åtti titlar. Men ho har også skrive frittståande romanar.

Frid Ingulstad er ein forfattar som stiller store krav til autensiteten i tidskoloritt- og bilete. Grundig historisk kjeldearbeid ligg alltid i botnen i bøkene hennar, og gjennom litteraturen sin framstår ho dessutan som formidlar av historiske kunnskaper vi vanskeleg ser for oss elles ville nådd så breidt ut, om vi tenker tradisjonell historieformidling. Slik har ho vore med på å opne opp for også anna litteratur, for det vi gjerne omtaler som dei breide massene.  Dessutan er ho ein språkbevisst menneske – i den grad ein forfattar med eitpar månadar mellom enkelte av bøkene sine alltid makter å leve opp til eit slikt credo.

Som medlem av Den norske Forfatterforening har eg høve til å komme med forslag til styret og årsmøtet om tildeling av æresmedlemsskap i foreningen. Eit høgst fortenstfullt æresmedlemskap meiner eg ei tildeling til Frid Ingulstad ville ha vore. Med sine over ti millionar solgte bøker har ho gjort ein innsats for det norske språket det står ein enorm respekt av. Men like viktig er lesegleden og leselysten ho har vore med på å skape gjennom dei mange bøkene sine. Så seint som forrige månad vart ho av Riksmålsforbundet tildelt Litteraturprisen 2017.

Når eg likevel ikkje oversender styre og årsmøte forslaget mitt om å tildele eit æresmedlemsskap til den folkekjære forfattaren (slik eg var innom i ein annan bloggpost), har dette samanhang med det faktum at Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening tre gonger har avslått søknaden frå Frid Ingulstad om ordinært medlemskap i foreningen. Og sjølv om eg trur svært mange i dagens styre og årsmøte i DnF ville stilt seg positive til framlegget mitt, er eg ikkje overtydd om at dette lenger er så viktig for Frid Ingulstad sjølv;  svart på kvitt å motta dette provet på at ho no endeleg og likevel skulle bli del av fagforeninga for dei skjønnlitterære forfattarane her i landet. Dette litterære utanforskapet trur eg Norges mest leste har forsona seg med forlengst og lever godt med.

Så har du dessutan risikoen for at Frid Ingulstad i ein alder av 82 nok ein gong skulle bli audmjuka av kollegene sine i årsmøtet, om det skulle syne seg at forslaget (mot all formodning) skulle bli nedstemt. Dette tar eg ikkje sjansen på – og fortener heller ikkje Frid Ingulstad.

 

Øystein Hauge
(medlem Den norske Forfatterforening,
Norsk Forfattersentrum og Norsk Kritikerlag)