Når songen er det siste du gir slepp på…

Christy Dignam (Foto: Asians heimesider)

Den snart seksti år gamle frontfiguren i det irske rockbandet Asian Christy Dignam er etter år med heroinavhengighet (og no dei seinare åra også ut og inn av sjukehus for kreftbehandlinga) ein sterkt redusert mann. Men songen vil han ikkje gi slepp på.

Den andre songaren her, Finbar Furey frå The Fureys, er innan irsk folkemusikk meir som ei legende å rekne. Ein mann og eit band eg for min del møtte første gong ein gong midt på syttitalet gjennom ein lyseblå Bambino batteriplatespelar.

Men at Dignam og Furey skulle møtast for saman å framføre klassikaren ‘Green Fields of France‘ såg eg verkeleg ikkje komme (som det heiter). Den sjuke Christy Dignam som kanskje ikkje er så presis undervegs i verselineskifta. Men som ror det heile godt inn att.

Dette er uansett eitt av dei mest rørande musikalske augneblinka eg for min del fekk med meg frå 2017.

(Øystein Hauge)