Stikkordarkiv: bryllup

Til bryllup og begravelsar


Arne Ruset: 
«Vi kan ikkje eige kvarandre» – Dikt  
Redigert av Joakim Kjørsvik for Bokvennen forlag
(anmeldt av Øystein Hauge for Romsdals Budstikke)

Diktaren Arne Ruset står neppe i fare for å bli påklistra merkelappen «fornyar av lyrikksjangeren». Gjennom sin lange poesipraksis har han snarare vore med på å vedlikehalde og konservere kvardagsspråket vårt slik det i dag framstår som ein av dei viktigaste grunnpillarane i norsk diktarkunst; kvardagsspråket vi alle er fortrulege med og kjenner så godt.

Det er likevel med ei viss spenning vi lar peikefingeren gli gjennom dikta til Rusets «Vi kan ikkje eige kvarandre – dikt i utval«, redigert av forfattaren Joakim Kjørsvik og forordet ved sonen og poeten Endre Ruset. For vil no tekstane med den tydelege tidskoloritten og dei gode poetiske bileta vi ein gong møtte i «Spelemannslaget Love«, «Mus» og «Hjernebløming» ha tolt alle desse åra?

Slik debutsamlinga «Spelemannslaget Love» (1973) er del inn i tre delar, kan det vere freistande å halde på same inndelinga også for denne boka. Ja, for heile forfattarskapen: Sjel. Kropp. Musikk.

Og for å dvele litt ved det første: Ruset er ikkje aleine om å syne oss poesien som døropnar for nye sjelelege landskap og minnearbeid, slik vi vel veit ein kan øve seg opp til. Gjennom diktet øve seg opp til «å innta haldningar som lettare opnar augneblinken for nærleik» (poeten og psykologen Helge Torvund). Og serleg er det den nostalgiske grunntonen i dei fleste av Arne Rusets dikt som bidrar til å gje, i alle fall denne lesaren, ei oppleving av nærmast å ha kome frå eit stemnemøte med seg sjølv (kor navlebeskuande det enn må høyrest ut). Eit møte der poeten minna deg om: Du må grine tårane dine sjølv. Du må leve livet ditt sjølv. For halvvegs å seie det med ein gitarspelande prest frå Sauda.

Så er det heller ikkje alle dikta i samlinga som insisterer på å bli tatt like alvorleg. Og det er nettopp gjennom dei meir upretensiøse dikta, dei poeten sjølv kaller ungdomssyndene sine, han har nådd eit nytt og større publikum. Diktet «Å leve» som instagramkontoen «Ren poesi» allereie timar etter publisering, var lese og likt av fleire tusen.

Men Sixten Jernberg har ikkje instagramgenerasjonen høyrt om. Så her eit fragment av diktet til den svenske langrennsløparen:

«Svensken med nam av jarn. Vinterstid / kom han rett som det var stakande inn i tryggleiken vår. / I grelle tankebilete hang han framover / på dei seige bambusstavane, med eit samanbite grin og / trådar av snørr / hengande frå haka«.

Sjølv om Ruset noen stader balanserer på ein knivsegg når det kjem til bruk av paradoks og andre stader reine ordspel, demonstrerer han i dikt etter dikt at han aksler denne oppgåva poetar til alle tider er blitt stilt andsynes: I eine og same diktet skulle kombinere det leikne og djupt alvorlege. Fleire av tekstane hans innbyr dessutan til ei større vektlegging av diktets auditive/lydlege sider. I samlinga finn vi fleire dikt som skapt for høtlesing og helsinger. Om du er på veg til bryllup eller begravelse.