(foto: Øystein Hauge)

Det gjeng an å leva i kvardagen òg

Det var Bjørnsonfestivalen i Molde nokre år tilbake i tid. Eg skulle halde i taumane i ein programpost der den no avlidne danske diktaren, komponisten og pianisten Benny Andersen var invitert. Det var då kort tid sidan samtaleboka «Det skal merkes at vi lever» var utkomen –  ei bok han gjorde saman med presten og forfattaren Johannes Møllehave. Ein åpenhjertig samtale om kjærleik, poesi, forelsking og døden.

Eg kom til å tenke på Johannes Møllehave og Benny Andersens samtalebok då eg tidlegare denne veka fann i postkassa mi ei bokhelsing frå Kjell Wedø – ei rykande fersk tekstsamling der den mangeårige rektoren med bakgrunn frå både folkehøgskule og vidaregåande skule tar deg med i noko av det same landskapet som dei to over. Der det handler om livsglede. Om å vere tilstades her og no. I eige liv. Om å vere tilstades for andre.

Og ikkje minst at vi minner oss sjølve om (slik det heiter hos gartnaren Olav H frå Ulvik): «… det gjeng an å leva i kvardagen òg».