Og det godt vaksne barnet bør heite FYLKESMINISTER

Som vi veit er omgrepet FYLKESMANNEN på veg ut. Frå 1. januar skal statens øvste representant i fylket ikkje lenger heite det hen heiter i dag. Det begynner å haste for regjeringa. Og no har dei bedt deg og meg om hjelp.

La meg starte med å seie kva eg for min del meiner den framtidige namninga på Fylkesmannen bør bli. Eg meiner tittelen bør bli:

FYLKESMINISTER

Men «minister» er jo allereie opptatt, vil du kanskje seie. Allereie i bruk i så vel diplomatiet som i regjeringene i mange land. Også i vår eiga regjering.

Til dette er det å seie: Her heime er det utelukkande statsministeren og utanriksmininsteren som har tittelen minister. Sjølv om vi i det daglege snakker om dei øvrige medlemmene av statsrådet også som ministrar, er det jo ‘statsråd’ som er rette nemninga.

Eg meiner omgrepet FYLKESMINISTER har i seg den tyngda og verdigheten embedet innehar. Det er fonetisk lett å seie. Og ikkje minst: lett for andre nasjonar vi samhandler med å forhalde seg til/forstå.

Her om dagen sendte eg forslaget mitt over til facebookvenen min Abid (kulturstatsråden dykk veit). Og utan at eg på nokon som helst måte skal ta han til inntekt akkurat dette forslaget, får FYLKESMINISTER i det minste attende frå kulturstatsråden ein tommel opp og også to hender saman i ein takk.

Det er då eit godt utgangspunkt for no å få fram eit godt og kjønnsnøytralt namn på Kongens (og dermed statens) representant i fylka. At folk flest vert gitt høve til å ta del i ein diskusjon som handler om noko så viktig som språket vårt.

For kjenner eg embedverket og politikarane rett ønsker dei seg mange forslag. Dette er då også ein litt artig diskusjon å få vere med på.