Det geografiske midtpunkt

(Tekst og foto: Øystein Hauge)

Om du skar ut på ei papp-plate kartet over kommunen din og med peikefingeren balanserte denne plata. Kor i kommunen måtte du då sette fingeren?

I Nord-Trøndelag. Nesten i Sverige. Står det ein bautastein midt ute på ei vid myr. Det er laga kloppesti dit slik at folk lettare kan komme seg fram til steinen. For det er klart folk har lyst til å besøke Noregs midtpunkt! Det er Statens Kartverk som nøyaktig har kunne peike på kor denne steinen måtte stå i landet vårt.

Slik dei har gjort det også for Oslo kommune. Då Dronning Sonja i 2014 stod for den offisielle opninga av Oslos geografiske midtpunkt, var det med eit kulturprogram i Nordmarka, rett ved Nedre Blanksjø, 1,2 km nord for parkeringsplassen ved Sognsvann. Ein må vel kunne seie dei har vore meir enn heldig med midtpunktet sitt. Hovudstadskommunens geografiske midtpunkt ligg i eitt av landets mest besøkte skogsområde: (59 o 58’ 51.57’’ nord, 10 o 44’ 22.05’’ øst – eller 6 650 570 N, 597 071 E (UTM sone 32)

Og fleire andre kommunar har med god hjelp av Kartverkets digitale materiale og ekspertise funne dei geografiske midtpunkta sine. Kommunen eg sjølv er fødd og oppvakse i (Vegårshei i Agder) har forlengst feira sitt midtpunkt, dokumentert med ein stein med inskripsjon. Også her djupt i ein skog. Det same gjeld for Skien kommune, nokre mil lenger aust. Ei rekke andre stader rundt om i landet ser vi lokale turlag, Friluftsrådet og andre samarbeide om å skipe til ei «naturleg» feiring av kommunens midtpunkt.

Også Hustadvikas geografiske midtpunkt (arealtyngdepunktet er fagterminologien Kartverket nyttar) rekna eg med ville ligge noko utanfor allfarveg. Og då eg tok ein kikk på kartet kunne det sjå ut som om dette punktet låg ein stad i trekanten Nåsvatnet – Hostadvatnet – Trollkirka. Men augemålet mitt var nok ikkje heilt å stole på der (du finn fasiten mot slutten av denne posten).

Kva skal vi så med eit slikt punkt? Utover det faktum at vi mennesker kan ha ein hang til slike kuriosa. For eksempel: Det kan jo vere greit med Statens Kartverk i ryggen å kunne seie; Her er Hustadvikas geografiske midtpunkt! Og det kan jo vere greit å vite, dersom du skar ut kommunekartet på ei papp-plate og med peikefingeren vil balansere denne plata, at her må du sette fingeren.

Ein anna og like stor grunn til å finne fram til kommunens arealtyngdepunkt kan jo vere at vi får nok ein stad i den vakre kommunen vår der det vel må vere på sin plass med ei turkasse og kanskje det ligg ein eigna stein her klar for ein aldri så liten inskripsjon. Nok eit lite bidrag til auka folkehelse.

Men du venter sjølvsagt på konklusjonen til Statens Kartverk. Med andre ord: «Kor vi skal reis´» for å finne midtpunktet i Hustadvika kommune. To dagar etter at eg hadde sendt til Statens Kartverk ein epost med førespurnaden min, ligg svaret og venter på meg.

Der i garden kan dei fortelje at Hustadvikas midtpunkt ligg om lag 612 m aust og litt sør for høgste punkt 912,6 meter på Talstadhesten og rundt 320 meter søraust for lågaste punktet i Sleppskaret.

(Koordinatane er oppgjevne i datumet Euref89, og kartprojeksjonen UTM sone 33. Omsett kartplankoordinatar i naturleg sone 32 og geodetiske koordinatar gjeld fylgjande: N = 6974179,1 – E = 409752,3 – Euref89 – UTM sone 32, og høgda er om lag 393 m. Bredde- og lengdegrad (Euref89): N  62.886421223° ( desimalgrader) E  7.225024982°. N  62° 53.1852734′ (grader og desimalminutt) E  7° 13.5014989′. N  62° 53′ 11.11640″ (grader, minutt og sekund) E  7° 13′ 30.08994″). NB Ikkje spør meg om detaljer i oversynet over.

Då blir spørsmålet: Finst det nokre røynde stifinnarar der ute. GPS-nerdar. Naboar til det geografiske midtpunktet. Lokalhistorikarar/sogelagsmedlemmer. Folk som kan fortelje om opphavet til stadnamna i området. Kanskje folk frå Friluftsrådet? Andre som har lyst til å ta turen til «Hustadvika geografiske midtpunkt». Fotografere og elles forklare for oss andre kor gild ein stad dette eventuelt måtte være. Kanskje også be ordføraren og kultursjefen med på turen! (Eg for min del trengte berre namnet på Hustadvikas geografiske midtpunkt til ein sangtekst eg sat og skreiv på. Og der er eg jo alt i mål: «Litt sør for Talstadhesten og søraust for Sleppskaret» er jo som henta ut frå ei Mikkel Fønhus-bok og passer perfekt inn i songen.

God tur!