Jonsokblomen (eit svensk/norsk/dansk samarbeid)

J O N S O K B L O M E N (Danne Stråhed (S) | Odd Arne Halaas (N) | Øystein Hauge (N) | Jens Varmløse (DK)

(norsk tekst v/ Øystein Hauge)

Ja eg veit om lia og om lerka
Eg har høyrt ho alle mine år
Med sin jubelsong i juninatta
Der den røde jonsokblomen står

No når du skal reise ut i verda
Og vegar skal bli til medan du går
Langt av lei du minnast lerkesongen
Dansen langs ein livsveg i ein vår

Dans og drøym når morgonskodda letter
Rett din rygg mot stein og djupe skår
Leit deg fram bak koller over sletter
Dit den røde jonsokblomen står

(mellomspel)

Om du skulle gå deg vill i natta
Langt der framme lyser det eit bål
Vil du finne rissa inn i fjellet:
Vandrarbrev om reisas endemål

Kom tibake når morgontåka letter
Kom tibake att til neste år
Kom med inn i lyse juninatta
Der den røde jonsokblomen står

Du har allveg budd her i mitt hjarte
Du er allveg med meg der eg går
Du min barndom, mild i juninatta
Der den røde jonsokblomen står