Avskil med eit akademi

I gårsdagens Romsdals Budstikke (07.10.20) kunne vi lese om Bjørnsonakademiet (Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet, Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfrihet) som er i akutt behov for finansiering.

Ein naturleg del av akademiets mangeårige verksemd har vore utdelinga av den årlege Bjørnsonprisen. Kva då med framtida til prisen? Om akademiet no etter sytten år skal legge inn årene?

Heilt frå Bjørsonakademiets start har prisen og prisutdelinga vore del av sjølve seminaridéen for stiftinga. Som tidlegare styremedlem i akademiet veit eg litt om kor mykje arbeid som vert lagt ned i å finne fram til gode priskandidatar. Prismottakarar som på mange måtar danner grunnlaget for hovudtema/-foredraget under sjølve arrangementa.

Ein ynskjer jo at Bjørnsonakademiet kan halde fram. Men samtidig må vi våge å tenke alternative løysinger for prisen, om det no skulle gå slik at akademiet går inn i historia. Kanskje eit felles vertskap for utdeling av Bjørnsonprisen og Bjørnsonstipendet er éin veg å gå. Som kjend deler i dag Bjørnsonfestivalen ut det årlege Bjørnsonstipendet (Bokhandlerforeningen finansierer).

Det å la Bjørnsonfestivalen stå for utdelinga av også Bjørnsonprisen vil utvilsomt kunne vere med på å løfte både pris og stipend. Med sine grundige scenesamtalar og djuptpløyande foredrag er Bjørnsonfestivalen, med sitt hovudmål å fremme interessa for litteratur og skrivekunst, i seg sjølv allereie eit Bjørnsonakademi. Arrangementa under festivalen famnar tematisk breidt. Likevel er det Bjørnsons sterke samfunnsengasjement og kamp for ytringsfrihet og andre menneskerettigheter som framleis utgjer grunnfjellet i festivalen.

Då Bjørnstjerne Bjørnson var sytti år skreiv han til venen sin Alexander Kielland: ”Jeg er Romsdøl. Der blev jeg til, av det land og folkefærd er jeg særpreget“.

Det er jo i Romsdal denne prisen høyrer heime.