Feleslåttar på jorda

Edvard Hoem: Felemakaren
Forlaget Oktober (2020)
Anmeldt for Romsdals Budstikke av Øystein Hauge

Edvard Hoem har skrudd i stemmeskruane sine til nok ei finstemd forteljing om folk i eiga slekt. Men så skal det jo spelast også.

Vi vil lese om dei som levde før oss. Vi vil kjenne smaken av kaldgraut og dobbeltdestillert brennevin. Eimen av sveitte og angen av tørt høy. Og ein sjeldan gong kanskje også sette nasen til svisker og sirup. Til damask, fløyel og kvit silke. Men Hoems siste verk «Felemakaren» skjuler langt større løyndomar enn dei ein finn i krambuskuffene i kjøpstadene Molde og Kristiansund.

Romanens bakteppe fekk vi riss av allereie i «Heimlandet. Barndom» (1985). Den unge tenestejenta Guri Sachariasdatter skal ha barn med Pe, halvbror til seinare felemakar Lars Olsen Hoem. Pe blir mistenkt for drapet, men seinare frifunne. Fri folkesnakket skal han likevel aldri bli. Sjølv dei to brørne snakker ikkje med kvarandre på femti år.

Romanens hovudperson Lars Olsen Hoem (1782–1852) har store sjømannsdraumar, men skal snart gi seg i kast med eit sjøliv annleis det han hadde tenkt seg. Den 7. januar 1801 ror nittenåringen over til lensmannsgarden på Tornes der amtmann Sommerfeldt og hans folk ventar. Admiralitetet i Københamn vil ha unge menn frå norskekysten ned til Kongens by. Gutar som frå barnsbein av er godt vane med båtlivet. Tosten frå Harøy er ein anna kar vi finn i matrosmønstringa på storgarden Moldegaard dagar seinare; Ei gudfryktig sjel som trøystar jamnaldringen frå Hoem med at alt kjem til å gå bra når dei berre har Jesus med seg. Lekpredikanten Hans Nilsen Hauge har nyss halde møte ute på Ona.

Dramatikken som finn stad dagane før Lars Olsen Hoem ender opp i fangeskipet Brave overlèt vi til deg som sit med boka å lese fram. Også korleis Lars blir handlangar til den franske medfangen og felebyggaren ombord, der han seinare sjølv skal lære seg handverket. Det var fem harde år. Og ikkje minst: Kosten var skrinn. Når dei engelske offisersfruene, etter at dei hadde ete, kasta avfall utfor rekka over dei, var det om om å gjere å handle: «… dei som var påpasselege nok, kunne gripe både sildehovud og potetskal i fallet».

«Kva slags målestokkar skal eit menneske eigentleg målast med?». Eit spørsmål Lars stiller seg i alders år etter livet saman med Gunhild. Der og då bestemmer Lars seg for å bygge ei fele betre enn alle dei andre han har bygd så langt.

I eit konkret men på same tid også poetisk språk skriv Edvard Hoem fram for deg i «Felemakaren» først og fremst kvardagsmennesket. Alt i ei sanseleg og handgripeleg form. I møta mellom småkårsfolk og øvrigheita. Mellom dei smålåtne og dei brautande. Med ein språkleg rausheit og driv i forteljinga som vekslar mellom krigens redselsrop og dei såre tonane frå instrumenta slik dei etterkvart veks fram mellom hendene på felemakaren.

Historia om Lars er ei historie som går frå fødsel til død. Og forfattaren kan enkelte stader by på knippe av noko melodramatiske og i overkant følelseslada passasjar. Men der han tar seg fort inn att. Skriv hendingar og handlingar tilbake i røynda. I det jordbundne. Slik vi kjenner det att frå dei andre bøkene i slektssoga. Om ei anna tid men likevel her og no. Fortidig utan å vere antikvarisk. Og heilt mot slutten i denne filmrullen av ein roman dette gilde biletet:

Den gamle mannen har nyss lauga seg i trestampen døtrene hans har hatt varmvatn i då felemakaren legg eit handkle om livet, finn vegen ut i mørket utanfor, og rullar seg i snøen:

«Stoppar hjartet mitt no, blir det ei lett sak å stelle meg til gravferd!».