Om å sette ord på staden du bur

(eller: Jakta på eit kommuneslagord)

av Øystein Hauge

Når eg tenker på Hustadvika tenker eg først på havet. På livet langs kysten og dei vide jordbruksmarkene.

Men så tenker eg jo også på folket. Vi som bur her.

Kommunevåpenet vårt minner oss allereie om jorda og nærheten til havet. Om plogen og fisken. Om bygdene som har vakse fram her ute. Om folk og samarbeid. Om å leve nær jorda. Jordnære.

Dei fleste kommunar har eit slagord. Det må vel vere fint for Hustadvika òg. Å ha nokre ord å kjenne seg att i.

Men først.. Kva kjenneteiknar eit godt slagord?

Etter mi meining bør det vere kort. Ikkje pompøst eller reklameaktig. Berre nokre få ord. Ord som for oss rommar både havet og jorda. Men som også seier noko sant om oss.

Om ein skal tenke høgt om kva eit slikt slagord kan bygge på, finst det etter mi meining nokre ord som peikar seg ut.

Bølgene er ein del av identiteten til Hustadvika. Men strekker vi ordet litt, handlar det også om å forstå kvarandre. Om å spele på lag. Om å vere på bølgelengde.

Ordet jordnær peikar mot landbruket, men også mot menneska. For er vi ikkje også ganske folkelege og lite høgtidelige her ute. Jordnære.

Under får du mitt forslag til eit slagord for Hustadvika. Men dette er berre eitt. Eg er sikker på det finst fleire der ute:

 

hustadvika | på bølgelengde | jordnær

(Men burde ikkje eg, som skriv nynorsk, ha nytta den normerte nynorskforma «bølgjelengd»?
Kanskje. Samtidig er «bølgelengde» den forma du finn att i talemålet til dei aller fleste av oss. Også hos dei av oss som til dagleg skriv nynorsk).



(Foto: Øystein Hauge)