Det er jo bare oktober. Men julefortellinger liker å ha god tid

Folkeleg jul. Litterær høgtid.

Mange av oss samlar på dei. Julehefta med historier om mørketid, undring og levd liv. Samlagets Juleroser redigert av Herborg Kråkevik.

Alle fortellingene. Der dei balanserer mellom den varme julestemninga frå barndommen og det livet vi lever akkurat no.

Torsdag finn du årets JULEROSER i bokhandelen – eller der du kjøper klementinane og edamerosten din.

Espen Lind har skrive årets julesong. Erlend Loe byr på fortellinga «Riesenschnauzer». Andre som har skrive til årets hefte er Janne Stigen Drangsholt, Brit Bildøen, Marit Eikemo og Gunnar Staalesen. Og mange fleire.

Sjølv debuterte eg som juleheftepoet her i 2023. Og gleda er stor over å vere tilbake. Denne gongen med prosa.

Fortellinga mi utspelar seg kvelden før kvelden. Triste ting hender. Men både skog og snø og sennepssild og moltekrem er med, altså.