Stikkordarkiv: Almanakk

Poetisk primstav

Tenk deg ei poesibok der det dukker opp i boksida di eitt dikt kvar dag gjennom eit heilt år. Tenk deg at denne diktboka er rykande fersk frå forlaget og at tekstane du finn der handler om deg og meg gjennom det som sikkert heiter livets ulike faser men som noen av oss heller kaller kvardagen vår.

Denne boka er her no. Huspostillen som ikkje har lagt i vindaugskarmen på kjøkkenet ditt på eit halvt hundre år.

Sjangermessig. Det meste! Stev og sonetter. Side om side med haiku og hesteblues. Og på Bok365 sitt spørsmål om kva som inspirerer forfattaren i skrivinga, svarer Håvard Rem: «Alt som er i skjæringspunktet mellom sangpoesi og boklyrikk. Mye på B: Bjørneboe, Bibelen, ballader, Bukowski. Og litt på C: Cohen».

Dette er inga bokmelding. Det er ei berre noen enkle linjer frå ein som for alvor begynte å lese Håvard Rem  (gjennom eitpar tiår) etter å ha nynna og småsunge seg gjennom fyrens sterke gjendiktninger av Dylan, Cohen og Williams (Hank), og som liker dikt skriven av folk som har levd ei stund. Som har hatt eit samliv med poesien gjennom dei fleste av desse åra. Og som våger å flytte litt på grensene for kva poesi er.

Håvard Rems «Almanakk» funker fint innpakka under juletreet til nokon du er glad i – eller kanskje bare har noen veldig gode samtalar med. I denne boka finst i alle fall eit hav av trådar å gå vidare på. Å nøste vidare i.

Håvard Rem:
Almanakk
Lyrikk
Cappelen Damm
472 sider