I glosenes by

av Øystein Hauge

Nærmer du deg Jacob Dahlgrens skulptur «Togetherness» på torget i Molde kan du no snart også få med deg diktet «Stålbogeskrift i glosenes by». Det er byens næringsforum og Voice of Norway som gjennom ein app formidlar innhald med bilete, profesjonelle fortellerrstemmer og tekst – frå dette og andre kulturpunkt i byen. Og som no vil formidle også poesi til dei som vil høyre.

Tanken slo meg jo allereie då eg skreiv diktet til dette tydelege og iaugefallande kunstverket midtbys. At det hadde vore fint om akkurat denne teksten på eit eller anna vis blei gjort tilgjengeleg, saman med skulpturen.

Derfor liker eg godt at folka i Molde Næringsforum og Voice of Norway no gjer lydversjonen av diktet tilgjengeleg for folk. At alle som vil snart kan få med seg det eg liker å tenke på som eit annleis eller alternativt blikk inn på kunstverket til Dahlgren.

(Diktet «Stålbogeskrift i glosenes by» vart først publisert i Romsdals Budstikke. Langdiktet tonesett av Ole Foss).

Du kan høyre diktet under: