Vår briljante elskarinne

Klara Hveberg
Lene din ensomhet langsomt mot min
Roman
Aschehoug

(anmeldt for Romsdals Budstikke av Øystein Hauge)

Matematikkstudenten Rakel Havberg gir professoren og elskaren Jakob Krogstad åtte år på å bestemme seg. Kona eller henne. Eitt år meir enn det forskarane har funne ut at ei forelsking varer.

I Klara Hvebergs debutbok «Lene din ensomhet langsomt mot min» er nitten år gamle Rakel nettopp flytta til hovudstaden for å studere matematikk. Eit talteoretisk talent utanom det vanlege. Men samtundes ei svært uerfaren ung kvinne når det kjem til venskap, forelsking og seksualitet.

For når romanens hovudperson ser tilbake på oppveksten sin i Molde er det ingen ungdomskjærastar å minnast der. Her er referanserammene litteratur og klassisk musikk. Fjella ser ho på som venene sine.

I romanen skildrar ho t.d. med stor kjærleik ein kjølig haustdag i Kringstadbukta. Det er ingen andre som drar på badestranda ein slik kald dag. Og dei har grasbakkane og svaberga heilt for seg sjølve. Faren som har kassettspelaren på fullt og der Rakel er barnet fylt av lykke når «Arthur Grumiaux fyller hele Kringstadbukta med fiolinsonaten av César Franck«.

Trass i tilbakeblikk på oppveksten sin krinsar hovuddelen av romanen likevel om det kompliserte kjærleiksforholdet ho i hovudstaden har gåande med den godt vaksne matematikkprofessoren. Ei forteljing som snart får følge av ei intrikat parallellhistorie. Ei historie der den russiske matematikaren Sofja Vasiljevna Kovalevskaja og hennar tyske matematikarkollega Karl Weierstrass spelar hovudrolla. I alle fall i Rakel Havbergs fantasiverd.

Å føre inn i romanen denne tematisk sett samanfallande historia representerer ikkje berre eit svært vellykka litterært verkemiddel, men tilfører også romanen ei tyngd og eit truverde som fungerer svært godt. Og det er serleg når Rakel vert sjuk at fabuleringene hennar om Sofjas liv bidrar til å klargjere og skape samanhengar i eige kjærleiksliv.

Klara Hveberg har med «Lene din ensomhet langsomt mot min» skrive fram ein svært vellykka kjærleiksroman. Ei forteljing som ligg i det gjennomført mollstemte. Men der du også har denne raffinerte understaumen av ikkje-påtvungen humor liggande under heile tida. Verket er til alt overmål spekka av velplasserte referansar til musikk, litteratur, matematikk og filosofi.

Ein sinnrikt komponert og underhaldande roman om skjør kjærleik der det såre aldri er langt unna. Som når Rakel får ønske seg noko til gebursdagen frå elskaren sin:

«Det eneste jeg ønsker meg til bursdagen min, er at du ikke ligger med kona di akkurat den dagen».

Og sannsynligheten for at det kan vanke debutantprisar her? Det er rein matematikk!