Lars Petter Sveen: Nordriket

Eg har lese for Romsdals Budstikke romanen NORDRIKET av Lars Petter Sveen

I Lars Petter Sveens siste roman «Nordriket» har heimlege kyrkjer og forsamlingshus fått ein meir sentral plass enn det vi elles finn i skjønnlitterære beretningar frå slagmarka. Og til alt overmål opptrer i forteljinga lokale stadnamn som både Vevang og Haukåsdalen. Gløym likevel alt som har med heimstaddikting, harmonisk salmesong og tombola å gjere. Stålsett deg heller for rå geriljakrig og religiøs ekstremisme i ei fiktiv verd. Men også for ei framsyning av grenselaus eigenrettferdigheit.

For som i andre religiøse krigar handlar det også i Nordriket om at nokon trur seg valde ut av Gud: «Vi er utvalde, og vi må gøyme det i hjarta våre til den dagen kjem då vi blir bedde å stå fram slik Gud har skapt oss». Og i dette hierarkiet av åndeleg leiarskap finn vi også disiplar. Disiplar som arbeider for kyrkja og rapporterer til meisteren. Meister Olav. Kommandanten av dei trufaste. Disiplane nyklipte, reine og med tatoverte fingrar: «Korsa på ringfingrane er som to sverd når eg held hendene opp framom meg». Slik er det desse Herrens tenarar ser det.

Sveen er nærmast blitt som ein nestor å rekne når det kjem til meisterlege skildringar og dramatiseringar av menneskelege relasjonar innanfor rammene av «desperasjon, forfall og undergang» (slik ein bokmeldar eingong formulerte det rundt Corman McCarthys litteratur). Der heller ikkje barnet slepp unna. Her eit hjarteskjerande døme på kristen oppseding:

Faren som set seg på huk ved sida av guten og seier han har eit vilt dyr inni seg. Faren som seier guten må lære seg å sleppe ut villdyret. Faren som slår. Faren som tar guten med til eit hus inst i ein kjerreveg der det opp mot veggen heng ein halvroten saueskrott. Guten som må ta den seige, blodete saueskrotten på nakken og bere han heim:

«Kom, (seier faren), «du skal bere skrotten heile vegen tilbake. Du skal hugse tyngda av denne sauen og kva eg har sagt til deg. Aldri ta for lett på kreftene vi har og kva vi er i stand til».

I eit klart og ualminneleg kraftfullt språk vert denne bestialitetens historie skriven fram. Der forfattaren maktar det kunststykket å kontrastere kald krigsterminologi – med omgrep vi kjenner att som ekte varme og menneskeligheit. Der forfattaren i eine augneblinken skriv om nådelaus vald i Guds namn. For i neste å leike seg med eit vell av referansar til heilage skrifter. I romanen finst omskrivne sitat av både Mullah, Mika og Moses. Men mest lar denne lesaren seg vederkvege av dei mange plausible referansane til Salmane. Slik er Nordriket også er blitt ein djupt poetisk roman. 

Ei historie om krigens råskap. Ei historie om eit folk der kvar og ein «vart ein annan under krigen». Men også ein 260-siders lang velskrive allegori over militære rørsler aktive akkurat no. Under heilt andre himmelstrok enn våre.