Vedstabelen

Helge Torvund: Skal me leggja ein vedstabel saman (Kvalshaug Forlag)
Anmeldt av Øystein Hauge

Heilt frå han som ung student vart introdusert for poesien har diktet vore der, tilstades i livet til Helge Torvund. Gjennom snart førti år (og eg har ikkje klart å finne ut av kor mange bøker) har han vore ei poetisk røyst det ikkje finst maken til i den norske bokheimen.

No er han aktuell med samlinga «Skal me leggja ein vedstabel saman» – ei poesibok med undertittelen «Mine beste kjærleiksdikt».

Og visst er det dikt her om dei to som er glade i kvarandre. Men dette er også ei bok om kjærleiken til naturen og til alt det andre som møter oss i kvardagen. Eller som Torvund sjølv skriv i forordet: «Eg har teke med i utvalet også dikt om vatn, om lys, om valmuar og bokfinkar».

Sterkast i samlinga er etter mi meining dei mange dikta som kretsar om barndom, leik og oppvekst i det jærske landskapet. Og slik blir ikkje dette berre ei samling kjærleiksdikt. Men også ei samling Jærleiksdikt.

Helge Torvund har gjennom diktarlivet sitt stadig utvida det poetiske universet. Han er det vi må kunne kalle ein språkkritikar i den forstand at han ikkje går av vegen for å ta alvorlege oppgjer med det klisjéfylte kvardagsspråket (og ditto maktspråket). Men der ein poet som t.d. Georg Johannesen skriv fram syrlege paradoks er Torvund meir skånsom og velgjer heller å la lommelykta si lyse opp noen váre motbilete for dei som vil lese.

Det fine med desse dikta er dessutan at dei kjem så herleg hulter til bulter. Dette er ei diktbok fri for kunstig redigering og stikkord som maser på deg om å bli med inn under ein eller annan paraply. Her står einskilddiktet fjellstøtt for seg sjølv. Ikkje sidan Kolbein Falkeids samla dikt.. Kunne eg ha skrive. Og skriv det!

Rundt 90 dikt frå åra 1977 til 2012 er med i samlinga. Og som det heiter hos dei som sel knivar og kjøkenreiskap midtsommers på Karl Johan: «Men ikkje nok med dét! Vi gir deg med på kjøpet..». Torvund gir oss med på kjøpet ei knippe nyskrivne dikt! Men der knivselgjaren prakker på oss alskens unyttige kjøkenreiskapar legg Torvund berre ved dikt eg trur vi ein vakker dag vil få bruk for, alle.

Med på kjøpet får du også med noen passe rufsete (herlege!) etterord av to karar med mange års røynsle med både rock og poesi; Bjørn Eidsvåg og Håvard Rem. Sistnevnte sit ein stad i dette etterordet og kiker ned i eit fotografi av Torvund frå under gymnastida: «.. der han fremstår som en hipster, en motebeviss mod, iført en sort, smart dress, sort, smalt slips, solbriller – ikke ulikt Bob Dylan anno 1965-66. Torvund i Soho, Helge på Carnaby Street».

Og seinare i det same, velskrivne etterordet: «Om du krasjet på Torvunds sofa var det Bjørneboe, Dylan og van Gogh som iakttok deg når du våknet i det vesle av morgenlys som trengte gjennom de tunge gardinene».

Trekk frå gardinene. Opne opp for Torvunds lysande kjærleiksdikt.