Kronprinsessa og halve litteraturpolitiet

La oss ikkje late som om vi utelukkande er opptatt av det kunstnariske. Vi vil sjølsagt også ha lesarar. Mange lesarar!

(av Øystein Hauge, forfattar – publisert i VG 16. juni 2016)

Lenge før litteraturtoget til kronprinsesse Mette Marit nådde endestasjonen sin i helga fann forfattaren det naudsynt å komme med eine grausame salbe mot denne fæle ideen om ein royalistvelsigna litteratur langs toglinene.

Emanuelsen kan med sin beste vilje ikkje sjå at kronprinsessa med sine bøker langs jernbanelinene tilfører norsk litteratur noe i det heile. Men snarare at norsk litteratur og norske forfattarar tilfører henne eit sårt tiltrengt image.

Treng all drahjelp

Den gode litteraturen (som svært ofte også er den smale litteraturen) treng etter mi meninig all den drahjelpa han kan få. Og det er då ikkje noe nytt at kongelege finn sine nisjer av meiningsfulle interessefelt.

Skulle vi ha satt foten ned for kong Olav som gjennom heile sitt vaksne liv hadde ei sterk og ektefølt interesse for norsk skikultur og slik arrestert han for å køyre eit slags kynisk merkevarebyggingsløp? Skulle vi stengt dørene til kunstgalleria for dronning Sonja og hindra henne i å samarbeide med landets framste biletkunstnarar?

Det er når dei smiler og vinker frå balkongar tomheten i monarkiet etter mi mening er på sitt mest synlege. Ikkje dei når dei kan observerast lidenskapleg opptatt i kunstgalleria, på idrettsarenaen eller under litteraturfestivalar og i litteraturtog.

Vi vil sjølsagt ha lesarar også!

Med lang fartstid i medie- og forlagsbransjen veit dessutan Birger Emanuelsen betre enn noen andre korleis dette spelet fungerer. Og no snakker eg om vi som skriv. Vi har begge sete i møter med marknadsansvarlege i forlaga og drøfta mediestrategi knytt til den siste boka vår. Som svært mange andre med bøker på beddingen har også Emanuelsen blogga i skamlaus eigenpromotering.

Og eg trur vel ikkje han sjølv ville nølt ein augneblink om det tett opp mot ei ny bok tilfeldigvis også skulle dukke opp ein ledig plass i litteraturtoget der kronprinsessa sjølv byr på togturen.

Og la oss ikkje late som om vi utelukkande er opptatt av det kunstnariske. Vi vil sjølsagt ha lesarar også. Mange lesarar!

Derfor underteikner vi kontrakter med forlaget i god tid før boka er i bokhandelen. Og vi seier oss villige til å stille opp i møte med aviser, radio eller fjernsyn. Litteraturfestivalar. Bokhandlarsigneringer. Vi krysser av og signerer villig vekk. Og slik sel litt av sjela vår når boka endeleg er på plass i bokhandelen. Vi gir ut bøkene våre på forlag der det sjølsagt og heldigvis er ein porsjon katedral att, men der børsen etterkvart er blitt det dominerande som berre veks seg større og større.

Svært mykje av det vi er med på ligg milevis unna dei kunstnariske sidene ved bokpublisering. Vi er med på det sjølve! Og derfor er det lett for meg å ynskje god togtur til dei av forfattarkollegaene mine som drar på tur med kronprinsessa.

Insinuasjoner

Tett på Bjørnsonfestivalen gjennom dei to siste tiåra har eg hatt høve til nettopp å sjå kronprinsessa, men også prinsesse Märtha Louise og kronprins Haakon Magnus, dei gongene dei har opna festivalen eller på anna vis tatt del i festivalprogrammet. Og eg ville ha vore veldig forsiktig med nærmast å insinuere at dei på botnen ikkje er dei litteraturinteresserte menneska dei utgir seg for å vere. Som måtte ha eitt eller anna slags kynisk målsetting om først og framst å ville smykke seg med kunsten og litteraturen.

Målet med litteraturtogreisene har vore å skape leselyst og leseglede under mottoet «det fins en bok for alle», seier kronprinsessa. Og held fram: «I litteraturen finner jeg igjen både lyset og mørket. Dette gjør det lettere for meg selv å akseptere den jeg er.»

Ja. Nettopp. Og då peiker ho samtidig på noe heilt grunnleggande ved litteraturen (når denne er på sitt beste): Som ei kunstart som evner å skape erkjenning på eit vis du knapt finn andre stader.

Vi treng fleire litteraturformidlarar. Ikkje færre.


Les også Emanuelsens tilsvar: Holde deg til saken, Hauge!