Å kaste lys

Innimellom kjem det dumpande ned i postkassa mi poesibøker frå folk og forlag. Smale titlar. Litt mindre smale titlar. Eller andre gonger bøker meir meint for ein breidare lesarkrins.

Boka «Lysning» av poeten Silje Opofte høyrer definitivt til siste kategorien.
Aforismeliknande tekstar om livet og kjærleiken. Og noen gonger også om havet og døden.

Er du instagram-travar og litt meir enn gjennomsnittet opptatt av poesi, har du lese henne. Men til skilnad frå mange av dei som i sirleg skrift i instafirkantar deler frå livet sitt med vener og kjende og andre følgarar, har tekstane til Silje Opofte det ved seg at dei svært ofte tar deg eit godt stykke vidare. Vidare og utover frå det forutsigbare. Og svært ofte i ein påfallande upretensiøs grunntone. Slik ekte og nære tekstar ofte kler å vere. I det upretensiøse.

Coffee table book. Det slo meg då eg fekk boka i hendene. At dette må vere ei coffee table book. Ei bok som ligg der på kjøkkenbordet eller andre bord. Som du får lyst til å ta i. Halde i hendene. Som du får lyst til å lese i. Ikkje berre fordi det finst gode tekstar der. Men også fine fotografi.

Også her er formatet ein instafirkant.

Eg hugser ikkje kven som sa det. Det med at livet er eit einaste stort lerret. Og at det bare er å kaste all den målinga du kan på det. Det er på mange måtar det Silje Opofte gjer i «Lysning». Kaster måling inn over boksidene sine. Kaster lys inn over boksidene.

Foto: Tom Arild Støle