Gratulerer, Ålesund!

av Øystein Hauge (forfattar, poet – og ein gong i tida leiar av Fondsstyret i Norsk Forfattersentrum).

Ålesund litteraturfestival (26. – 28. januar) er alt etter eitt år blitt ein festival å rekne med i det norske bokheimen. Tore Renberg, Maria Parr, Helga Flatland, Endre Ruset, Simon Stranger, Kjartan Fløgstad, Oliver Lovrenski, Marit Kaldhol, Zeshan Shakar, Knut Nærum, Trude Teige, Hans Olav Lalum, Maja Lunde, Edvard Hoem og Tom Egeland er berre nokre av namna frå plakaten 2023 og 2024. Gratulerer, Ålesund!

Vi har med dette fått to litteraturfestivalar i fylket vårt.

Bjørnsonfestivalen i Molde. Støtta av kommune og næringsliv. Med skular, bibliotek og kyrkja som viktige samarbeidspartnarar. Det heile løfta fram av forfattaranes eigen formidlingsorganisasjon Norsk Forfattersentrum.

Ålesund litteraturfestival. Støtta av kommune og næringsliv. Med skular, bibliotek og kyrkja som viktige samarbeidspartnarar. Det heile løfta fram av forfattaranes eigen formidlingsorganisasjon Norsk Forfattersentrum.

Men på eitt punkt skil dei to festivalane seg vesentleg frå kvarandre. I den tre dagar lange litteraturfestivalen i Ålesund får du alt GRATIS.

Eg har i over tretti år, som forfattar og tillitsvald i forfattarorganisasjonane, heia på det som kan krype og gå av litteraturarrangement landet rundt. Og gjer det sjølsagt også denne gongen. Festivalen har lagt ned eit stort arbeid i å få på plass gode namn til bokdagane sine. Og ditto rammene for desse.

Men som skrivande menneske reagerer eg likevel på dette: At det ikkje lenger skal koste noko å vere publikum på litteraturfestival. Å høyre favorittforfattaren din lese frå eigne bøker eller samtale med andre om forfattarskapen sin er blitt gratis.

Isolert sett er det sjølsagt fint at vi i fylket får ein litteraturfestival som i økonomiske nedgangstider velger å fjerne den økonomiske terskelen for å oppleve god litteratur. Men kan dette vere med på å skape forventninger om at også fleire aktørar dropper billettsalget?

Og kva då med dei som er avhengige av å ta inngangsbilletter? Er det heilt uproblematisk at ein ny litteraturfestival i nabobyen vår er hundre prosent gratis, og at publikum nord i Molde må betale? Skjer det noko med betalingsvilligheten hos publikum når vi nå i Ålesund har fått ei feiande flott feiring av litteraturen der folk slepp å betale?

Og kva når ein arrangør får innvilga stønad frå sentrale nasjonale og regionale aktørar, utan eigeninntekter? Då melder seg jo sjølsagt kravet om likebehandling. Kva med Ålesund Litteraturfestival v.s. Bjørnsonfestivalen då.

Vi så det under pandemien. Betalingsvilligheten fekk seg ein stor knekk fordi mange store kulturopplevingar vart gitt bort gratis på nett. Noen lærte seg langt på veg at kultur ikkje trong koste noko.

Men dei negative, for ikkje å seie alvorlege, konsekvensane dette kan gi på sikt er jo åpenbare. Ein svekka betalingsvilje vil kunne skade heile kulturnæringa. Skal den profesjonelle kulturen overleve, må vi slutte å gi han bort gratis. Det er ikkje meir å seie.

Lykke til med litteraturfestival, Ålesund! Her er noko for alle. For ei gavepakke dette er til byen og bygdene rundt. Ja til heile fylket. Men ver snill synleggjer i alle fall noko av sveitten og tårene arrangørar, forfattarar, frivillige og andre hardtarbeidane kulturprodusentar legg etter seg også under denne kulturfestivalen.