Stikkordarkiv: musikalitet

Sist lese: «Kom ei jente gåande» av Sigrid Merethe Hanssen.

Foto: Lena Sørensen | Bokomslag: Stian Hole

«Alle bitar fell på plass, det som aldri har blitt snakka om, har endeleg blitt uttalt i ord..», heiter det ein stad i Sigrid Merethe Hanssens rykande ferske roman «Kom ei jente gåande».

Boka hadde eg lagt av i bunka helgelektyre. Saman med Morgenbladet, Klassekampen og Perrins «Å vanne blomster om kvelden». Men boka kom aldri så langt. Som til å bli helgelektyre. Eg blei verande i ho heile fredagen. Frå dei første dramatiske anslaga der ei kvinne midt i livet besøker mo si på dødsleiet:

Tenkt deg at du er denne kvinna. At det mor di fortel under dette møtet velter om på alt du trudde du visste om din eigen barndom. At du må femti år tilbake i tid for å nøste opp i historia til denne jenta som går aleine langs vegen då ein bil stansar og at et i denne bilen sit eit ektepar som «meir enn noko anna i verda ønsker seg eit barn».

For ei fin leseoppleving! For ein velskrive roman! Her er det lys og mørke om kvarandre. Her er det ein forfattar som husholderer godt med dei litterære verkemidla sine. Som lar lesaren dikte noen andre vegar og retningar enn dei forfattaren sjølv til slutt legg for dagen. Det er jo som det skal vere. Slik all god litteratur og skrivekunst skal vere. At vi som les også kan vere meddiktarar!

Så har vi gjennomgåande i boka også denne nesten vårlege, endelause straumen av erindringer, inntrykk og polaroibilete frå sekstitalet – bilete ikkje bare skrive fram innanfor rammene av godt litterært handtverk, men som i like stor grad opptrer som levande bilete, noko filmatisk nærmast, som saman med alt det andre legg seg inn i den valgte hendelsesutviklinga på eit vis som bygger truverde. Som er med på å bygge ro. Ei ro i alt det urolege.

«Setetrekket er klamt mot lår og rygg. Pauline vippar opp døra, ei skjelving går gjennom bilen då døra fjører fram og tilbake. Ho har eit fast grep rundt barnet då ho set sandalhælane i dørken og løftar seg opp frå setet».

Du lurer kanskje på kva som er soundtracket til boka? Sannsynlegvis Heyward/Gershwins «Summertime». Eller. Gløym det med «Summertime». Det blir for lite gåtefullt for denne boka.

Sigrid Merethe Hanssen:
Kom ei jente gåande
182 sider
Samlaget (2022)