Trykk “Enter” for å komme videre

Innlegg merket som “Vigdis Hjorth”

Medrivande om lengt

Brit Bildøen: Tre vegar til havet (Samlaget, 2018)
Anmeldt for Romsdals Budstikke av Øystein Hauge, 17. oktober 2018

Karl Ove Knausgård og Vigdis Hjorth har det til felles at dei begge har skrive tett opptil eigne liv, for i neste omgang å insistere på at bøkene deira må lesast som fiksjon. Som noko som er dikta opp. No har dei fått selskap av Brit Bildøen.

Forfattaren har i intervju sjølv avslørt at ho med romanen ‘Tre vegar til havet’ bidrar sterkt til den såkalla virkelighetslitteraturen. Men som lesarar vil vi ikkje ha det same behovet for å drøfte og etterprøve sanningsgehalten i dei ulike partia av romanen, slik vi har sett blitt gjort med bøkene til forfattarkollegene hennar. For når eit verk på den eine sida tar opp i seg antatt autentiske faksimiler frå brevveksling romanpersonen har hatt med offentleg forvalting, for i dei neste boksidene å la romanpersonen låse seg inn heime hos saksbehandlaren og slik gå inn i ei fase av hardcore stalking, er vi som lesarar alle i stand til nokonlunde å fornemme skiljelinene mellom røynd og fiksjon.

I to av romanens tre delar møter vi ei kvinne som opplever å få avslag på søknaden om å adoptere eit barn frå Kina. Vi møter ei kvinne som gjennom fire lange år har stått i kø for å få heim barnet frå den andre sida av jordkloden. Som har venta seg gal på ungen. Som tidleg i forteljinga har eit reflektert syn på heile morskapsrolla. Men der atferden snart ber preg av rein håpløyse, fortviling og etterkvart openberr sinnsforvirring. Og som fører til at kvinna snart får innover seg ein sjukeleg trong til å forfølgje saksbehandlaren sin i Bufetat, den statlege organisasjonen ansvarleg for adopsjonssøknadane her i landet.

Stova var rotete, men ikkje meir enn ein kan forvente når ein kjem på uventa besøk. Kvinna stod midt på golvet, lyttande, mens ho prøve å ta inn korleis det såg ut der. Ho hadde ingen fluktplan. Men enno var det tidleg på ettermiddagen.

Hemnlysta hennar er på eit vis grenselaus, men reint litterært framstår handlingene likevel som diskrete og dempa utførte. Også når vi som lesarar blir dratt inn i scener av rein galskap og krypande uhygge. Eit bel lurte denne lesaren på om det var ein klassisk psykologisk thriller han sat med mellom hendene.

Gjennom eit levande og presist språk maktar forfattaren av romanen det kunststykket å la ei bunke offentlege sakspapir utgjere fundamentet i ei intens og svært medrivande historie. Om ei kvinne og hennar skjebnesvangre møte med byråkratiet.

Brit Bildøen må med “Tre vegar til havet” ha skrive ein av haustens beste romanar.